Handlekurv


Handlekurven er tom

0,-

0

Om oss

Berg Gull og Sølv Eftf. AS er ei kjedeuavhengig gullsmedforretning som held til i Odda i Ullensvang kommune.

Nærare bestemt i Bakkegata 2, med tilknyting til gågata.

Me er ein gullsmedbutikk, som har eit rikhaldig utval frå Noregs største leverandørar innan bunadsølv, dåpsgåver, sølvtøy, smykke i gull og sølv, diamantsmykke og klokker.

Berg Gull og Sølv tilbyr og moglegheit for gravering, reparasjon av smykke, redesign, batteriskift, lenkeskift og reins av dine smykke og klokker.

Sølv til Hardangerbunad er vår spesialitet!

Berg Gull og Sølv har eigne lisensar, som me har einerett på, til ulike delar til Hardangerbunaden.

Det er ingen andre i landet som kan skaffe deg desse delane. Dette gjeld f.eks. handskåren stor sølje, epleblomstøl til skinnbelte, englespenne og maljer til Røldalsbunaden. Alle delane kan ein få i forgylt sølv og oksidert sølv. Sølvet vårt blir produsert som leigeproduksjon hjå Sylvsmidja på Voss.

Vårt sølv kjem med same garanti som dei gjev på sin eigen produksjon, livstidsgaranti på produskjonsfeil.

Me skaffar deg alt du måtte trenge av bunadsølv, uansett kva bunad du har.

Treng du sølvbelte til bunaden din?

Me lagar det på dagen til deg, i verkstaden i vår butikk.

Me gleder oss til å høyre frå nettopp deg!

.

Du som kjenner vår fysiske butikk, vil kanskje sjå at utvalet på nett ikkje er like stort som i butikken. Me lanserer nettbutikken med eit utval av favorittprodukta våre, og vil fortløpande jobbe med å utvide sortimentet også på nett.

Me som jobbar her elskar arbeidsplassen vår, og me vil gjere vårt ytste for at du skal få ei super handleoppleving. 

Velkommen til oss!

 

I dag står butikken fram som ny og moderne med eit stort utval av norske og skandinaviske merkevarer.